Fasteaksjonen 2016


Fasteaksjonen 2016


Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2016:
I kriser er vatn kritisk


Aldri før har vi sett så mange store humanitære kriser på ein gong. Kirkens Nødhjelp er i katastrofen med reint vatn. No treng dei di hjelp.

Akkurat no er millionar av menneske ramma av katastrofar – verda over. Det siste året har Kirkens Nødhjelp gitt reint vatn til mellom anna flyktningar i Sør-Sudan, Nord-Irak og Syria, flomoffer i Malawi, tørkeramma i Etiopia og jordskjelvoffer i Nepal.

I Etiopia har vêrfenomenet El Niño skapt den verste tørka på 30 år. Ifølgje etiopiske styresmakter vil 10,2 millionar vere trua av kritisk matmangel i 2016. Meir enn halvparten av desse er born. 5, 8 millionar menneske er i akutt mangel på vatn.

Trass dårlege avlingar dette året, arbeider Dagne i åkeren for å førebu den tørre jorda på regnet han håpar vil kome. (Foto: Hilina Abebe/Kirkens Nødhjelp)Blant dei som er hardt ramma, er bøndene i Ankober-distriktet. 66-åringen Dagne i landsbyen Washa har sjeldan sett ei verre tørke gjennom sine 40 år som bonde.

– Eg har vore gjennom vanskelege periodar i livet mitt. Det har skjedd før at regnet ikkje har kome og vi har prøvd å overleve med det lille vi har. Men dette er noko av det vanskelegaste eg har opplevd.  Kvar einaste dag må heile familien stå over måltid for å spare på maten, fortel nibarnsfaren.

Enorm mangel på vatn
Tørka har skapt enorm vassmangel, ubrukelege avlingar og utarma beitemarker. Bøndene mister dyra sine og dermed livsgrunnlaget sitt. Det lille regnet som har kome, har ikkje vore nok til å gi avlingar.

For å klare seg, må bøndene selje dyra som har overlevd så langt i tørka. Dei blir tvunge til å selge kyr som har sørga for verdifull melk til borna i familien. No har mange snart korkje dyr eller pengar igjen. Dagne håpar fortsatt på regn, men er uroa for korleis han skal klare å drive jorda utan oksane sine.

Den knusktørre jorda gjer det umogleg å få avlingar som kan seljast vidare på marknaden. Det vesle som kan høstast inn, blir brukt som dyrefõr. (Foto: Hilina Abebe/Kirkens Nødhjelp)– Eksistensen vår avheng av dyra våre. Utan dei, blir det vanskeleg for oss å overleve. Eg veit ikkje kva eg skal gjere, seier Dagne fortvila.

Kirkens Nødhjelp er til stades i Ankober og fleire andre av dei verst ramma områda i Etiopia. Behova er akutte, og Kirkens Nødhjelp sørgjer for reint vatn og trygge sanitære forhold.

– Vi er i gang med nødhjelpsarbeidet og har allereie jobba førebyggande i fleire månader. Men når omfanget er så stort, treng vi all den hjelpa vi kan få, seier generalsekretær Anne-Marie Helland i Kirkens Nødhjelp.

Du kan hjelpe
I kriser er vatn kritisk. Difor er vatn noko av det aller første Kirkens Nødhjelp stiller med i katastrofar. Dei sørgjer for reint vann og høve til gode sanitærforhold der alt er øydelagd. Samtidig jobbar dei saman med folk i utsette område for å førebyggje den neste naturkatastrofen. Kirkens Nødhjelp jobbar også med å påverke politikarar og andre beslutningstakarar til å stanse klimaendringane. 

Kirkens Nødhjelp treng di hjelp for å hjelpe. 13.- 15. mars går Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2016 av stabelen. Dette er kyrkjelydenes eigen aksjon. Ditt bidrag gjer det mogleg for Kirkens Nødhjelp å vere der med reint vatn når katastrofen rammer. Difor håpar vi du vil støtte fasteaksjonen i Eid kommune, anten ved å stille som bøsseberar eller med pengar i bøssa. Vi oppmodar deg også til å bruke stemma di i fasteaksjonens klimakampanje og slik bidra til å stoppe klimakrisa.

 

Bilete:
1) Trass dårlege avlingar dette året, arbeider Dagne i åkeren for å førebu den tørre jorda på regnet han håpar vil kome. (Foto: Hilina Abebe/Kirkens Nødhjelp)
2) Den knusktørre jorda gjer det umogleg å få avlingar som kan seljast vidare på marknaden. Det vesle som kan høstast inn, blir brukt som dyrefõr. (Foto: Hilina Abebe/Kirkens Nødhjelp)

Tilbake