Fredag 22. april kl. 19.00
Fredag 22. april kjem Dalsfjord Bluegrassband til Stårheim for å halde konsert i kyrkja kl. 19.00.
Det blir kaffi og kaker i den nyoppussa Samlingsheimen etter konserten.
Konserten vert halden i samarbeid med Normisjon Stårheim.
Billett kr 250,-
I pressemeldinga heiter det:
Dalsfjord Bluegrassband er, som bandnamnet tilseier eit ekte bluegrassband frå Dalsfjord. Bandet består av fire dalsfjordingar som er lidenskapeleg opptekne av å vidareformidle dei amerikanske bluegrasstradisjonane. Bluegrass er ein sjanger som kjem frå Kentucky i USA. Musikken som i utgangspunktet vart kalla for mountain music, er ei blanding av folkemusikk frå ulike europeiske land. Musikken ber preg av at det vert nytta akustiske strenginstrument og harmonisong. Tekstane i bluegrassmusikken gjenspeglar kvardagslivet, der både trua og håpet sentralt.
Bandet har spelt saman i ti år i ulike konstellasjonar, og består i dag av Jan-Øystein(mandolin), Olav(gitar), Kurt(banjo) og Per Olav(kontrabass). Dalsfjord bluegrassband ser fram til å vitje Stårheim kyrkje, og halde konsert der.