Påsketidsvandring - Via Lucis (lysvegen)


Påsketidsvandring - Via Lucis (lysvegen)


Fram til Pinse vandrar vi ute i staden for å samlast i Ervik, Leikanger eller Selje kyrkje til gudstenester.

Det er sett opp 14 plakatar ut frå kvar kyrkje i ei turløype. Ein kan gå langs løypa når ein vil, så langt ein vil og så sakte ein vil. 

Første post er ved kyrkja, så innom gravplassen. I Ervik går ein deretter over sanden mot Hovden, via Ervikvatnet og attende til kyrkja. I Leikanger går ein opp vegen og innover Rabbane. I Selje går ein innover vegen, opp til Skogavegen og endar i parken.

I oppslagstavla ved kvar kyrkje er det skissert kvar løypa går.

Kvar plakat inneheld eit kunstverk av Magne Kristiansen og ein tekst om Jesus si oppstode og siger over døden; påske-evangeliet.

Bileta syner kunstnaren sitt møte med teksten. Korleis har DU sett det for deg? Kva landskap ville du ha skildra? Noko som manglar? Noko som er for mykje?  Møt bileta! Møt tekstane!

Tenk sjølv!

Velsigna påsketid!

Tilbake