I gudstenesta i Eid kyrkje søndag 25. september kl. 11.00 vart Øystein S. Mathisen formelt innsett som sokneprest i Eid av prost Rolf Schanke Eikum etter at soknerådsleiar i Eid og Heggjabygda sokn, Tor Olav Heldal, hadde presentert han for kyrkjelyden.

Prost Rolf Schanke Eikum og sokneprest Øystein S. Mathisen (foto: Fjordabladet)
Øystein heldt sjølv preika i gudstenesta - og gjorde eit svært godt fyrsteinntrykk på kyrkjelyden.
Etter gudstenesta inviterte Eid sokneråd til kyrkjekaffi på Eid Kyrkjetun der det var dekka opp med både marsipankake og mykje anna godt. Gledeleg at mange av kyrkjelyden også deltok på kyrkjekaffien - der det både vart tid til helsignar og prat kring bordet.

Kyrkjekaffi
-----------------------------------------------
Kl. 15.00 hadde Øystein gudsteneste i Kjølsdalen kyrkje der leiar i Kjølsdalen sokneråd, Torfinn Myklebust, presenterte han for kyrkelyden.
Søndag 16. oktober skal Øystein halde si fyrste gudsteneste i Stårheim kyrkje - og vil også der bli presentert for kyrkjelyden av soknerådsleiar i Stårheim, Reidun Borgestrand.