Tradisjonen tru innbyr Opera Nordfjord til konsert i Eid kyrkje onsdag 12. oktober kl. 19.00 i anledning TV-aksjonen NRK. Alle inntekter går uavkorta til Røde Kors. Medverkande er solistar og musikarar frå Hoffmanns Eventyr.Tradisjonen tru innbyr Opera Nordfjord til konsert i Eid kyrkje onsdag 12. oktober kl. 19.00 i anledning TV-aksjonen NRK. Alle inntekter går uavkorta til Røde Kors. Medverkande er solistar og musikarar frå Hoffmanns Eventyr.
Opera Nordfjord ønskjer alle hjarteleg velkomne til ein konsert for medmenneske i nød og lovar ei vakker konsertstund med eit repertoar som spenner frå barokkmusikk via den klassiske sjangeren til romantikken og argentinsk tango.
Konserten er gratis for alle, og dei som ønskjer det, kan gi ei gåve til TV-Aksjonen ved utgangen.
