
Beate Nes, Sølvi Myklebust Rasmussen, Beate F. Osdal og prost Rolf Schanke Eikum
Tre kateketar som arbeider i Eid, Vågsøy og Stryn får stola til bruk ved kyrkjelege handlingar.
Kyrkjerådet har vedteke at vigsla kateketar skal ha skråstola utanpå albaen. Det vil seie at vigsla kateketar no skal ha det fargerike «skjerfet» som også prestane har utanpå albaen (den kvite kappa som både presten, kateketen, kantor og diakon har). Prestane har to parallelle «skjerf» loddrett på brystet, medan kateketane skal ha ein på skrå over brystet.
Stola er eit teikn på vigsla teneste. Det vil seie at kateketen har hatt ei eiga vigslingsgudsteneste der biskopen, prosten og andre kollegaer har bedt og gitt kateketen ei livslang velsigning til teneste i kyrkja.
Stolaen og albaen er liturgiske klede med reglar for korleis dei skal brukast. Både stola og alba vert brukt under utføring av liturgiske tenesteoppdrag som gudsteneste og gravferd.
Både prestar, kateketar og diakonar følgjer kyrkjeåret og brukar ulik farge på stolaen etter kyrkjeåret. I fastetida er det lilla, til fest, t.d. kyrkjejubileum, er det raudt eller kvitt. Den vanlegaste fargen er grøn som er vekstfargen i kyrkja.
Det er tre vigsla kateketar i Nordfjord: Beate Folkestad Osdal på Eid, Sølvi Myklebust Rasmussen, i Vågsøy og Beate Nes i Stryn. Alle tre har no fått ferdige sine stola. Nes har fire ulike stola, ein i kvar farge, medan Osdal og Rasmussen har to doble med ein farge på kvar side av stolaen. Dei tre kateketane kan til saman skilte med over 50 års erfaring i Den Norske Kyrkja, så det er tre erfarne kateketar som no tek i bruk stola! Kateketane har tidlegare arbeidd i Egersund, Herøy og Selje, men dei siste 2-4 åra har alle jobba i Nordfjord.
Haldis Håvik frå Flatraket i Selje har laga stolaene til Sølvi Rasmussen og Beate Osdal, medan Beate Nes har fått laga sin hos Laila Endresen i Herøy. Ein stola er eit personleg kunstverk som er spesiallaga til kvar person. Alle kateketar vel sine eigne symbol som dei ynskjer å ha på stolaen og som høver til temaet på fargen.
Dei tre kateketane har valt både sommarfugl (det kan kome noko fantastisk fint ut av noko som ser dødt ut), ein fisk (det første kristne symbolet), påskelilje (for å huske på at Jesus sto opp frå dei døde), tistel (for dei tunge dagane) og mykje anna. Teikningane av stolaene måtte godkjennast av biskopen før dei kunne syast.
Kateketane tek i bruk stolane no i oktober, og er dei første i Nordfjord som brukar slike stola i kyrkjene her.
Både Osdal, Rasmussen og Nes gler seg svært til å kunne bruke stolaen og sitt eige personlege kunstverk på gudstenester rundt om i Nordfjord.
Tysdag 25. oktober vart dei nye stolaane viste for fyrste gong på ein pressekonferanse på Eid Kyrkjetun og i Eid kyrkje. På bileta ser vi glade kateketar i flotte stolaer, ein stolt prost Rolf Schanke Eikum i Nordfjord og Haldis Håvik.
Nes, Rasmussen og Folkestad Osdal Dei tre kateketane med prost Rolf S. Eikum og Haldis Håvik