Elena Molodozhentseva har i fleire år vore dirigent og leiar for Stårheim Barnekor. Med smil, entusiasme og kunnskap har Elena skapt mange gode stunder både for små og store på øvingar og framføringar.
Etter årsskiftet 2016/2017 har diverre ikkje Elena høve til å vere dirigent for koret lenger. Vi leitar no etter nokon i Stårheimsbygda som kan føre arbeidet hennar vidare. Veit du om nokon som er interessert kan du ta kontakt med kyrkjekontoret på Eid eller med Stårheim Sokneråd v/Reidun Borgestrand.
Julekonserten i Stårheim kyrkje laurdag 17. desember er siste gongen Elena dirigerer barnekoret i ei framføring! Vi vonar mange i Stårheimsbygda vert til stades på denne konserten!
På biletet får Elena takk for godt arbeid av kyrkjeverje Kristen Hundeide.
Takk for innsatsen, Elena!!