RAY SIMPSON I NORDFJORD


 

Ray Simpson er ein engelsk prest og forfattar. Han er grunnleggjar av fellesskapet "Community of Aidan and Hilda" frå Lindisfarne. Sjå: https://www.aidanandhilda.org.uk 
Dette har også ei norsk avdeling: www.anamcara.no

Han er m.a. også ein kjend ressursperson på keltisk spiritualitet. Sjå: http://www.raysimpson.org/

Ray Simpson sine bøker er utgjevne på Verbum Forlag. Sjå:  www.bibel.no

 

I månadsskiftet juli/august kjem Ray Simpson til Nordfjord og vil delta på samlingar i Selje og på Holmely på Bryggja.
- Søndag 30/7 vert det gudsteneste i Ervik. Her vil han m.a. ha ei kort helsing under sjølve gudsteneste, og deretter dele nokre refleksjonar under kyrkjekaffien.
- Måndag 31/7 er det open samling i prestegarden i Selje. Dette vert ein kulturkveld med samtale, song og musikk. Temaet vert om kvinner i keltisk tradisjon som reiste over havet og grunnla kyrkjer; samt ansvaret vårt for dagens båtflyktningar.
- Tysdag 1/8 vert det Pilgrimskveld på Holmely, Bryggja, saman med m.a. Brit Lundby Hilde