KYRKJEDAG FOR NORDFJORD 2017


 

Nordfjord prostiråd og Prosten i Nordfjord innbyr til Kyrkjedag for Nordfjord laurdag 28. oktober på Eid Kyrkjetun, Nordfjordeid
Hovudtema dette året vert sjølvsagt Martin Luther og reformasjonen! Kyrkjedagen er også hovudmarkering i Nordfjord av 500-års jubileet for reformasjonen!

Vi er så heldige å ha fått professor Oddvar Johan Jensen som hovudføredragshaldar på Kyrkjedagen! Jensen er frå Askøy/Bergen og har studert både historie og teologi. Han vart dr. theol. ved Universitetet i Oslo i 1988 med avhandlinga: Kristi person Til betydningen av læren om Kristi person i Martin Luthers teologi. Oddvar Jensen  underviser m.a. i kyrkjehistorie og teologihistorie ved NLA Høgskulen i Bergen og har gjeve ut fleire publikasjonar, som t.d. Katekismens teologi. En innføring i Luthers katekismer (1994)

I hovudføredraget sitt, som tek til kl. 12.00, vil Jensen ha tema: Marin Luther – rebell og framleis aktuell? Han vil sette søkjelys på om Luther, som var ein kontroversiell person i eiga samtid, og Luther sin tankar framleis er aktuelle i vårt «moderne» samfunn.

Etter middagen (ca. kl. 14.30) vert det fellesseminar der vi får eit panel som stiller spørsmål om Luther og Luther si lære til Oddvar Jensen. Panelet er samansett av prost Rolf Schanke Eikum, prostiprest Kari Leine Balog og leiar i Nedstryn sokneråd, Svein Rønne. Det vert også høve til å stille spørsmål frå salen. Ordstyrar er kyrkjeverje Kristen Hundeide.

Men vi kan ikkje ha berre samtaler – vi må også ha musikk!
Vi vil difor «bryte opp» litt av diskusjonane med salmar av Martin Luther og salmar frå reformasjonstida. Organist i Bremanger, Jarle Grotle, vil leie salmesongen. Jarle Grotle er utdanna innan kyrkjemusikk hos Bergen Musikkonservatorium og arbeider no som organist i Bremanger og som lærar i kulturskulen. I tillegg er Jarle ein aktiv frilans-musikar innan alt frå rytmisk til klassisk musikk. Det vert spanande å få meir kjennskap til m.a. Martin Luther sine salmar!

 

Kyrkjedagen er open for alle! Påmelding kan gjerast til ditt lokale kyrkjekontor.
Av omsyn til middagsservering, m.m. må vi ha ei deltakaravgift på kr. 250,- pr.person.

 

Vi ynskjer alle hjarteleg velkomne til ein innhaldsrik og interessant dag på Nordfjordeid 28. oktober!!

Vel møtt!!

 

Helsing
Nordfjord prostiråd