VI TEK FARVEL MED UNGDOMSPREST KAARE


 

Søndag 19. august kl. 15.00 er det gudsteneste i Eid kyrkje. Dette er avskilsgudsteneste for ungdomsprest Kaare Michael Christoffrsen som no har vore ungdomsprest i Eid i 5 år.Kaare reiser no tilbake til Oslo for å fullføre studiane sine på Menighetsfakultetet.
Gjennom dei 5 åre Kaare har vore i teneste i Eid har han fått god kontakt med fleire årskull av ungdomar - både gjennom konfirmantarbeid, Nattcup, konfirmantleirar, Nattkafe og andre ungdomsaktivitetar. Ungdomane har blitt glade i denne joviale prestestudenten og mange fortel at dei vil sakne han når han no reiser.

Men for ein som er i teneste i Den Norske Kyrkja i ein landsens kommune er det ikkje slik at ein kan jobbe berre med enkelte saker eller aldersgrupper. Ein må heile tida vere budd på å "trø til" der det måtte vere trong for hjelp. Dette har også Kaare fått oppleve - og han har difor hatt ansvar for både vanlege gudstenester, dåp og gravferder. Gjennom dette har han også kome i kontakt med folk i alle aldersgrupper og knytt kontakter og vennskap på tvers av generasjonar. 

Vi takkar Kaare for tenesta han har utført her i Eid og ynskjer han all mogleg lukke til med studiane!
Samstundes oppmodar vi alle som vil ta farvel med Kaare om å delta på avskilsgudstenesta søndag 19. august og på kyrkjekaffien etterpå!