TAKK FOR INNSATSEN, KAARE - OG LUKKE TIL VIDARE!


 

Søndag 19. august tok kyrkjelyd, sokneråd, tilsette, konfirmantar og andre ungdomar farvel med ungdomsprest Kaare Michael Christoffersen. 
Kl. 15.00 heldt Kaare si site gudsteneste i Eid kyrkje. Det var ei fin gudsteneste med både dåp og nattverd - og ein prega ungdomsprest heldt ei flott avskjedspreike!

Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi på Eid Kyrkjetun der sokneråda m.a. spanderte ei spesiell marsipankake med takk til Kaare. Mange ville vere med å seie farvel til ungdosmspresten - og det var over 80 gjester på kyrkjekaffien. Difor fekk både kaffi og kaker "bein å gå på"! 
Både prosten i Nordfjord, sokneråd og tilsette hadde helsingar, takk og gåver til ungdomspresten.

Vi takkar Kaare for tenesta i Eid i 5 år - og ynskjer han all mogleg lukke til med å fullføre resten av utdanninga si. Og kven veit - kanskje kjem han tilbake til Nordfjord som ferdig ordinert prest ein gong?


Førebuing til dåp
 


Kaare må "opne" marsipankaka.....
 


Ein ungdomsprest "prega av stundens alvår" takkar for seg....