Søndagstankar 3. s. i påsketida


av Olaf Sigurd Gundersen, sokneprest i Eid og Stårheim sokn

Det står skrive i Joh 10,11-18:
Eg er den gode gjetaren. Den gode gjetaren set livet til for sauene. Men leigekaren, som ikkje er gjetar og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømmer når han ser ulven koma.

 

Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. For han er leigekar og har ikkje omsorg for sauene. Eg er den gode gjetaren. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, slik som Far kjenner meg og eg kjenner Far. Eg set livet til for sauene. Eg har òg andre sauer, som ikkje høyrer til denne flokken. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal bli éin flokk og éin gjetar.
    Far elskar meg fordi eg set livet til så eg kan ta det tilbake. Ingen tek livet mitt, eg gjev det frivillig. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det tilbake. Denne oppgåva fekk eg av Far min.»

 

SJØLV OM

Det er mykje som herjar og jagar oss frå kvarandre.
Vi vert plaga av tunge tankar og lir under vår eiga hjelpeløyse.
I mørkret er vi framande for kvarandre, vert lett såra i kvardagens konflikter.
Strengt vert vi minte om våre grenser.
Vi vert skjemde over lidingane til våre medsøsken.

SJØLV OM 

Vi er uendeleg trygge, og du leier oss alltid.
Ditt nærvær omgjev oss dag og natt.
Du hentar oss inn frå ville vegar.
I svolten nærar du oss med ditt ord.
Du kjenner oss, knyter våre namn saman med ditt.
Du sigrar for oss over mørke makter.
Di hand rekk gjennom dødens mur.
For evig meiner du det godt med oss.
Vi er uendeleg trygge, for du er alltid hjå oss.

SJØLV OM...