Søndagstankar: 2. s. i påsketida


av Knut Gjengedal, Sokneprest i Kjølsdalen

Vi er i corona-tida, men også i påsketida. Påsketida varer dei femti dagane mellom påskedag og pinsedag. Det er tida då jubelen over oppstoda får lyde.

 

Og i ein av lesetekstene for denne søndagen skriv Paulus frimodig til kyrkjelyden i Korint: «Men no er Kristus oppstaden frå dei døde. Han er førstegrøda av dei som har sovna inn.» (1. Kor. 15,20) Den engelske teologen og juristen, grunnleggjaren av dei kjende Alpha-kursa, Nick Gumbel, seier det slik: «Jesu Kristi fysiske oppstandelse fra de døde er hjørnesteinen i kristendommen.»

Jesu oppstode frå dei døde gjorde dramatisk inntrykk på verda, noko anna ville ha vore underleg. Den kristne kyrkja vart fødd og vaks med utruleg fart. Som Michael Green, forfattar av mange allmenne bøker og lærebøker, seier det:

«Kirken…begynte med en håndfull uutdannede fiskere og skatteinnkrevere, og feide over hele den kjente verden i løpet av de neste 300 årene. Dette er en helt utrolig beretning om en fredfull revolusjon som det ikke finnes maken til i hele verdenshistorien. Den kom i stand fordi kristne kunne si til de som spurte: «Jesus døde ikke bare for deg. Han lever! Du kan møte ham og selv oppdage at det er sant, det vi snakker om!» De gjorde det, og ble med i den kristne kirken; og kirken, født i påskens grav, spredte seg overalt.»

 

I preiketeksta for denne søndagen blir vi tekne med tilbake til Tiberiassjøen (Genesaretsjøen) i påsketida for om lag 2000 år sidan. Der viser Jesus seg for tredje gang etter oppstoda og vi les i Johannesevangeliet kapittel 21,1 – 14:

«Sidan openberra Jesus seg endå ein gong for læresveinane; det var ved Tiberiassjøen, og det gjekk slik til:  2 Simon Peter, Tomas, som vart kalla Tvillingen, Natanael frå Kana i Galilea, Sebedeus-sønene og to andre av læresveinane hans var saman der.  3 Simon Peter seier til dei andre: «Eg vil ut og fiska.» «Vi blir med deg, vi òg», sa dei. Så gjekk dei av stad og steig i båten, men den natta fekk dei ikkje noko.
     
4 Då det tok til å lysna av dag, stod Jesus på stranda, men læresveinane visste ikkje at det var han.  5 Jesus sa til dei: «Har de ikkje noko å eta, borna mine?» «Nei», svara dei.  6 «Kast garnet på høgre sida av båten, så skal de få», sa han. Dei kasta garnet, og då greidde dei ikkje å dra det opp, så mykje fisk hadde dei fått.  7 Den læresveinen som Jesus hadde kjær, sa til Peter: «Det er Herren.» Då Simon Peter høyrde at det var Herren, batt han kappa om seg – den hadde han teke av – og hoppa i sjøen.  8 Dei andre læresveinane kom med båten og drog garnet med fisken etter seg. Dei var ikkje langt frå land, berre omkring to hundre alner.
     9 Då dei kom i land, fekk dei sjå eit bål der, og det låg fisk og brød på glørne. 10 «Kom hit med noko av den fisken de fekk», sa Jesus til dei. 11 Simon Peter gjekk då ut i båten og drog garnet på land. Det var fullt av store fiskar, eitt hundre og femtitre i alt. Men endå det var så mange, rivna ikkje garnet. 12 Jesus sa til dei: «Kom og få mat!» Ingen av læresveinane våga å spørja han: «Kven er du?» Dei visste at det var Herren. 
13 Då gjekk Jesus fram, tok brødet og gav dei, og det same gjorde han med fisken.
    
14 Dette var tredje gongen Jesus openberra seg for læresveinane etter at han hadde stått opp frå dei døde.»

Jesus sine læresveinar fiskar med not. I første omgang vart det eit nedslåande resultat, men då Jesus kom inn i biletet endra situasjonen seg. Dei hadde fiska heile natta utan å få noko. «Då det tok til å lysna av dag, stod Jesus på stranda……» (v. 4) Og då lysna det ikkje berre reint fysisk, men også på andre måtar. Eg veit ikkje kva dei tenkte desse 7 læresveinane, som var yrkesfiskarar, då Mannen frå Nasaret kom med forslaget om å kaste garnet på andre sida av båten. Hadde Jesus greie på fiskeri ? I alle fall adlydde dei Meisteren. Dei følgde rådet hans. Dei trudde på han, sjølv om kanskje fornuften tala imot det. Har vi noko å lære her?

Så kunne dei dra i land 153 store fiskar. Det vart velsigning av å følgje Meisteren sine ord. Jesus har omsorg for ånd, sjel og kropp. Antal fisk har truleg ei symbolsk meining. Fisken er menneska utover jorda. 153 fiskar er kanskje alle kjende folkeslag den gongen. Alle skal fangast inn til Guds rike.  Og Peter blir minna om fiskefangsten 3 år tidlegare i same sjø. Då opplevde Peter og læresveinane århundre sin fiskefangst (Lukas 5). Og Peter fekk kallet til å verte menneskefiskar.  Vår tekst i dag understrekar at Peter & co fekk eit fornya kall til å vere menneskefiskarar. Dei trong det, då dei truleg var forvirra over hendingane dei siste dagane. Hadde Jesus verkeleg stått opp igjen? Kva med oss no? Blir alt som før? Dei vende i alle fall tilbake til det dei fiksa best i livet, nemleg å fiske, men så kjem det fornya misjonskallet. Kallet gjeld også oss som er læresveinar i 2020: «Kom og følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!» (Mk. 1,17) «Gå ut i all verda og forkynn evangeliet for alle som Gud har skapt!» (Mk. 16,15)

LAT OSS BE!

Oppstadne Frelsar, Jesus Kristus, du rekkjer hendene mot oss når vi tvilar. Vi bed deg: Gje oss tru når vi ikkje forstår, så vi kan leva i lyset av di oppstode og tilgje vårt eige og andres svik, du som med din Far og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.