Søndagstankar: Palmesøndag 05. april 2020


av Olaf Sigurd Gundersen, Sokneprest i Eid og Stårheim sokn

Det står skrive i Joh 12,12-24:

12 Dagen etter fekk den store folkemengda som var komen til høgtida, høyra at Jesus var på veg inn i Jerusalem. 13 Då tok dei palmegreiner og gjekk ut for å møta han, og dei ropa:
 

 

           Hosianna!
           Velsigna er han som kjem
           i Herrens namn,
           Israels konge!
14 Jesus fann seg eit ungt esel og sette seg på det, som det står skrive:
          
    15  Ver ikkje redd, dotter Sion!
           Sjå, kongen din kjem,
           ridande på ein eselfole.
16 Dette skjøna ikkje læresveinane med det same. Men då Jesus var opphøgd i herlegdom, hugsa dei at dette var skrive om han, og at folket hadde helsa han på denne måten.
    17 Alle som hadde vore med han då han ropa Lasarus ut av grava og vekte han opp frå dei døde, vitna om det dei hadde sett. 18 Difor var det òg at folket drog ut for å møta han, for dei hadde fått høyra at han hadde gjort dette teiknet. 19 Men farisearane sa seg imellom: «Der ser de, det nyttar ikkje. Heile verda spring etter han.» 20 No var det nokre grekarar mellom dei som var komne til Jerusalem for å tilbe under høgtida. 21 Dei kom til Filip, som var frå Betsaida i Galilea, og sa: «Herre, vi ville gjerne få sjå Jesus.» 22 Filip kom og fortalde det til Andreas, og Andreas og Filip gjekk og sa det til Jesus. 23 Jesus svara: «Timen er komen då Guds herlegdom skal lysa om Menneskesonen. 24 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, blir det verande berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde.

 

 

Hugsar du GAMLE DAGAR?

Ja, det var dagar det. Då kunne vi gje kvarandre ein klem. Då kunne vi gå på skule og jobb, sende borna i barnehagen, besøkje besta på omsorgssenteret, handle det vi ville, gå ut med vener, reise, gå i operaen og fylle kyrkja, om vi ville. Ja, det var tider det.

No får vi hente håp frå fortida. Desse dagane vil kome att.

Alt har si tid, seier Bibelen. Og no er det Coronatid. Godt for miljøet og skremande for oss. Vi lærer at vi alle sit i same båt. Og valet  for oss vert enklare: Å elske kvarandre eller å dø saman.

Er kjærleiken verkeleg sterkare enn døden ? Ja, vi har mange døme på det i den dugnaden ser rundt oss. « Vær ikkje redde, sjå kongen din kjem!» Slik møtte dei Jesus palmesøndag. Hans grunnlov er at vi skal elske Gud og vår neste som oss sjølve. Slik tek vi vare på oss sjølve og andre desse dagane.

Koma hans vekte røre. For han velsigna framtida med noko nytt. Hans kjærleik kalla Lasarus ut av grava og viste at kjærleiken er sterkare enn døden.

Det er gjerne fleire enn kongen som vedkjenner seg at dei bed i desse dagane. Sjølv om dei ikkje bad så mykje i gamle dagar. Vi kjem til Gud med nauda vår. Vi kjem for å bli hjelpte, for å få trøyst og håp.

Men kven kjem eigentleg til kven? Kjem Gud til oss, eller kjem vi til Gud? Gud kjem til oss før vi kjem til han. Han kjem til oss med håp. « Vær ikkje redde!»

Når vi ber, er det fordi vi trur at Gud eksisterer. Men det er feil. Ein ateist trur at Gud ikkje eksisterer, men forstår ikkje kva han snakkar om. Det er like gale å seie at Gud eksisterer om å seie at han ikkje eksisterer. For alt som eksisterer i denne verda, er oppstått på eit gjeve tidspunkt, og skal ein dag gå til grunne. Vi håper den dagen er nær for Coronaviruset. Slik bruker vi i daglegtale ordet eksistere. Men det kan vi ikkje bruke om Gud. Han er korkje oppstått ein deg eller går til grunne ein dag. Gud  er Gud utan byrjing eller slutt. Gud er. Det er også namnet hans.

Gud kjem til deg på sin eigen, saktmodige måte. Med glede og mot som kan romme ein kvar angst, utan å gå til grunne. Og med livet i døden.

GODT MOT !