AVLYST INNTIL VIDARE!


Laurdag 28. mars i Leikanger kyrkje

 

”Eg har sett son min døy. Eg sto der – på lang avstand – til dei kom og tok han ned. Eg trur det var han. I går. Vi vart fortalde at ein av dei mest mektige mennene i landet kom med tenarane sine og tok han ned. Frå korset. Josef frå Arimatea. Minister. Eg har aldri sett ein minister. Han sveipte han i eit linklede, vart det sagt, og la han i ei grav han hadde kjøpt til seg sjølv. Her i Jerusalem.”

Det er klart for den siste monologen i trilogien om Messias, skriven av Håvard Rem. Denne gongen er det Maria, Jesu mor, som har ordet. Til alle tider har historia om Jesus blitt fortalt av menn, men i denne trilogien slepp kvinnene til. Det kan vere lett å gløyme at også dei hadde sin plass i lyssirkelen rundt leirbålet. 

Først kom «Juleevangeliet - Miriam si forteljing» i 2016. Søstera til Josef (spelt av Idun Losnegård) fortalde sin versjon av det som hende då Jesus blei unnfanga ved gudommeleg medverknad. I 2018 kom «Maria Magdalena - Jesu virke», og vi fekk høyre om frelsaren gjennom kvinna som stod han så nær i vaksen alder (spelt av Reidun Melvær Berge). No kjem «Maria, Jesu mor - Påskeevangeliet». Vi går tilbake til kvinna som bar han fram, Maria, spelt av Marit Østbye som også hadde regien på dei to første monologane.

Vi møter ei mor som dagen i forvegen har sett sonen sin døy på korset, slik ho tjue år tidlegare såg bror sin døy på korset. Ho minnest opprøret på tempelplassen, det siste måltidet og ikkje minst innmarsjen til Jerusalem, der tusenvis tok imot han: 

”Yeshua!» ropte dei. «Yeshua bar Abba!»

Og alle visste kva dei meinte med det: «Jesus! Opphøg han! Sett han opp på trona! Gjer han til konge!»

«Moren - Påskeevangeliet» blir vist i ei rekke kyrkjer i Sogn og Fjordane fram mot påske og inn i den stille veka. 

AV Håvard Rem
OMSETJING Asbjørg Lotsberg
REGI Bodil Kvamme
LYSDESIGN Krystian Myska

MED Marit Østbye

Vi tilbyr ein pris på kr. 230,- pr. person inkl. billettavgift ved samla bestilling av 5. eller fleire billettar.
Ordinær pris er kr. 350,- inkludert billettavgift.

Billettar kan kjøpast her:
https://teatervestland.ticketco.events/no/nb/e/maria_jesu_mor__paaskeevangeliet__leikanger_kyrkje