FANTASTISK OLSOK-GUDSTENESTE I SAGASTAD!


"Maken til preikestol har eg aldri hatt!" sa sokneprest Olaf Sigurd Gundersen då han opna Olsok-gudstenesta i Sagastad med sjølvaste Myklebustskipet som preikestol!

 

Og for dei vel 160 frammøtte vart det ei spesiell, annorleis og uforgløymeleg gudsteneste! I strålande solskin og med "naust-dørene" opna mot Eidsfjorden kom naturen svært nær innpå. Sagastadbygget og Myklebustskipet er ei ramme som gjer det lett å la tankane vandre attende til vikingtida - og ein strålande liturg og predikant, Olaf Sigurd Gundersen, formidla historia om Heilag Olav, kristninga av landet og kva det har betydd, og framleis betyr, for seinare generasjonar slik berre han kan gjere det! Endå meir "tidsrett" vart det når Bjarne Kårstad las bibeltekst på islandsk og Inger Mette Sefland las Per Sivle sitt dikt "Så stod dei på Stiklestad fylka til strid....."

Akustikken i Sagastad gjer at både tekst og musikk kjem godt fram. Med Ralph Cupper på piano og Inge Haugen på saksofon fekk kyrkjelyden difor glimrande tonefylgje til salmane!

Etter gudstenesta vanka det mange smil og gode ord frå dei frammøtte om at dette hadde vore ei unik og god oppleving!

Takk til alle som deltok på gudstenesta! Takk til alle som var med og gjennomførte arrangementet - og takk til Sagastad som let oss få nytte bygget til gudsteneste!

Sjå nokre bilete frå gudstenesta nedanfor:

  
Mykje folk, fantastiske kulisser!!

  
Gundersen på "preikestolen".....


 
Organist Ralph er på plass!!

  
Predikant og liturg Olaf Sigurd Gundersen

 
Inger Mette Sefland og Bjarne Kaarstad

 
Ralph og Inge