TAKK TIL FINN ARVE SUNDAL


 

På julesamling for dei tilsette 18. desember tok staben avskil med Finn Arve Sundal som sluttar ved årsskiftet. Finn Arve har vore tilsett som kyrkjegardsarbeidar på alle kyrkjegardar og gravplassar i Eid kommune sidan 1996. Til å byrje med var ikkje dette full stilling – men sidan 2006 har Finn Arve vore tilsett i 100% stilling. Det er soleis eit langt tilsetjingsforhold som no er over – og Finn Arve er den som kanskje veit aller mest om gravplassane i Eid. I tillegg til å ha mykje kunnskap er Finn Arve ein likande person som samarbeider godt med andre og som også er tenestevilleg og serviceinnstilt når pårørande etterspør tenester. Finn Arve kjem difor til å bli sakna både av kollegaer og av publikum. På julesamlinga takka kyrkjeverja Finn Arve for trufast teneste og overrekte blomar og gåve frå arbeidsgjevar og kollegaer. Vi takkar Finn Arve for laget – og ynskjer han alt godt for åra som kjem!