NYDELEG KONSERT MED HELENE BØKSLE


 

Tysdag 11. desmeber heldt Helene Bøksle konsert i Eid kyrkje. Ca. 400 personar var til stades, og juletreet var allereide på plass og pynta i kyrkja. Helene Bøksle har ei fantastisk stemme - og saman med svært dyktige medmusikantar og vel gjennomtenkt val av songar gav ho dei frammøtte ei stemningsfull, varm og god oppleving. Publikum fekk også høve til å vere med på allsong ved framføringa av songen "Tenn lys" av Eivind Skeie. I tillegg til songane har Helene Bøksle eit klart bodskap om også å la førjulstida handle om å gje kvarandre omsorg, omtanke og kjærleik. Jula er markeringa av Jesu fødsel, og ho oppmoda også om å stø Kirkenes Nødhjelp sitt arbeid for fødande kvinner. Publikum gjekk heim att med smil om munnen og ei god "julekjensle" inni seg.
Nedanfor kan de sjå eit lite utklipp frå konserten:
https://www.facebook.com/kristenatle.hundeide/videos/1262605490546435/


Takk for ein flott konsert, Helene - og velkomen tilbake!