BETA-KURS VINTEREN 2014 (les meir ved å klikke på overskrifta)


 

Sokneråda og Normisjonsforeiningane arrangerer Beta-kurs torsdagane frå 16. januar til 27. februar 2014 kl. 19.30 på Eid Kyrkjetun.

Sjå program og annan informasjon om  beta-kveldane nedanfor:

 

DU VERT MED DETTE INVITERT TIL BETAKURS VINTEREN 2014.

SLIK ER EIN BETA-KVELD:
Kl. 1930 Kveldsmat
Alle kveldane startar med eit måltid. Det er godt å ete saman og det gjer det lettare å verte kjend med nye. Og maten smakar godt i godt lag!
Kl. 2000 Humor.
Smilet og latteren er gitt oss av Gud.
Ein god latter forlenger livet…(?)
I alle fall gjer det godt å få le litt!
Kl. 2007 Lovsongsavdeling
På dette kurset har vi eige Lovsongsteam med profesjonelle musikarar: Asbjørn Eikenæs, Tor Olav Heldal, Lars Helge Hopland og Ralph Cupper m.fl. Salmeboka 2013 har mange kjende og ukjende perler som vi skal bli betre kjende med!.
Kl. 2020 Undervisning og praktisering
Beta-undervisninga gjev kunnskap i aktuelle bibelske tema i møte med vår tid. I år vil vi forelese over boka Kristen tro oppdatert som tek opp aktuelle tema på ein frisk, aktuell og engasjerande måte i tillegg til bibelkunnskap.
Kl. 2105 Over kaffikoppen rundt borda: Vi deler tanker om kveldens tema.
Kl. 2140 Avslutning
Sams avslutning med velsigningssong og Fader Vår.

Torsdag 16. januar : Kva betyr skaping etter Darwin og Big Bang?
Skaping - Evolusjon? Konflikt tru- vitenskap? (S.9-33) v/ Carsten Mrusek

Torsdag 30. januar: Kva meiner vi når vi seier «Gud»? Våre gudsbilete og Bibelens Gudsbilete. (S-33-64) Den treeinge Gud. +133-138. v/Rolf Schanke Eikum

Torsdag 6. februar: Tapt paradis, syndefall og det vondes problem. S.65-82. v/ Kaare Christoffersen.

Torsdag 13.februar: Jesus- sann Gud og sant menneske? Kvifor måtte Jesus dø? Soning og forsoning. Oppstoda- fakta eller myte? s.83-128 v/Vegard Tennebø

Torsdag 27. februar: Jesusrørsla sitt framhald - Kyrkja- det store fellesskapet.
Kva er frelse for nordmenn som har det bra? S.129-170 v/ Signy Bjarnastein

Merk:
Kurset vert på Eid kyrkjetun dei nemnde torsdagane frå kl. 1930 til ca. 21.35. (Ikkje 23,jan og 20.febr,)
TA MED BIBEL OG STUDIEBOK
KRISTEN TRO OPPDATERT av brødrane Nyhus vert studieboka i dette kurset.
Biskop Halvor Nordhaug om boka: Her leveres en oppdatert innføring i kristen tro. Den er original, ærlig, fri for klisjeer og engasjerer både tanke og følelser. Denne boken har jeg ventet på! (Alle prestane fekk den som julegåve frå biskopen!)
Henrik Syse, filosof og forfatter, om boka:
Takk og pris for bøker som denne. Både troende og ikke-troende vil ha glede av boken som en oppdatert guide til hva kristen tro er og betyr, stilt overfor et moderne verdsbilde.
Boka kostar kr. 200 (, kr.249 i bokhandel) og kjem i tillegg til kursavg. på kr. 200 som dekker mat + husleige.
Utbyttet vert mykje større om du les boka, og den er både aktuell, oppdatert og engasjerande!

Kva er eit BETA - kurs?
Beta er bokstaven etter alfa (a) i det greske alfabetet. Kurset er eit kurs i praktisk kristendom som legg vinn på både kunnskap om den kristne trua og hjelp til å praktisere trua. Kurset høver og godt for dei som ikkje har Alpha- eller Beta -kurs frå før, då det er eit nytt sjølvstendig kurs.

 

KVIFOR BØR DU DELTA?

Vi treng alle å lære meir om vår kristne tru og få hjelp til å praktisere trua i kvardagen og vere med i det kristne fellesskapet. Om dei første kristne står det:

 Dei heldt seg trufast til læra åt apostlane, til fellesskapet, brødsbrytinga og bønene.(Apgj. 2.42).

Inviter gjerne med deg nokon som du ynskjer å ha med deg!

 

TRENG DU SKYSS?

Vi vil prøve å samordne skyss frå dei ulike bygdelaga slik at ein både sparer miljøet og skaper eit godt miljø i bilen!

 

KORLEIS MELDE SEG PÅ?

Ring Eid kyrkjekontor tlf. 57861755 eller Rolf tlf. 97505015 eller skriv til Kyrkjekontoret Pb. 5, 6771 Nordfjordeid,

e-post: kyrkjekontor@eid.kommune.no

 

PÅMELDINGSFRIST:

INNAN Måndag 13. JANUAR 2014.

 

TIL EIN PRIS DU HAR RÅD TIL:

Kurset kostar kr. 200 som dekker både mat, kurspengar og husleige!

Kursboka Kristen tro oppdatert (innb) kostar i tillegg kr. 200 og kan bestillast ved påmelding.

 

BETA-kurset vinteren 2014  har ei leiargruppe med:

Asbjørn Eikenæs (leiar), Carsten Mrusek,, Tor Olav Heldal, Randi Heggheim, Reidun Borgestrand, Aslaug Liabø Balsnes, Lars Helge Lillebø Hopland, Aud Sissel Berstad Dolve, Kaare Christoffersen, Ralph Cupper, Rolf Schanke Eikum (sekr.).

 

TRENG DU MEIR INFORMASJON?

Kontakt Rolf på tlf. 57861755 eller 97505015.

 

Arrangørar:

Sokneråda i Eid, Stårheim og Kjølsdalen. Normisjonsforeiningane i Eid, Lote, Haugen, Stårheim og Kjølsdalen.

Sjå og heimesida til Eid kyrkje:

www.eid.kyrkja.no