STRÅLANDE RESULTAT FOR FASTEAKSJONEN!


 
Konfirmantane har gjordt ein strålande jobb - og vi set ny innsamlingsrekord for Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon i Eid med over 72.000 kroner! seier ein strålande nøgd ungdomsprest.
På biletet ser du konfirmantar frå Stårheim på aksjonsdagen

- Eg vil rette ein stor takk til
alle som har hjelp til, både til folk som har støtta aksjonen med pengar, til
konfirmantar som har gått med bøsse og til foreldra som har vore med og
organisert. Engasjementet og responsen har vore fantastisk. Det er tydeleg at
folk i Eid har lyst til å støtte menneske i katastrofesituasjonar og vere med i
kampen for ei framtid utan fattigdom, seier Ungdomsprest, Kaare Michael
Christoffersen.

Det var rett og slett ei
fantastisk kjekk oppleving å halde fasteaksjon her. Stemninga på dei
forskjellige basane der vi sendte ut og tok imot var utruleg bra! Dei
konfirmantane og foreldra som vart tidlegst ferdig stilte glade opp for ei
ekstra rode, sånn at vi fekk dekka heile kommunen. Og når dei vart ferdige vart
både foreldre og konfirmantar verande og kosa seg med saft og heimelaga
godsakar lenge etter dei var ferdige med oppgåvene sine.

Vi fekk høyre frå nokre av
konfirmantane at det bokstaveleg tala vart kasta pengar etter dei! Når ikkje
beina var gode nok til å gå trappa så vart pengane levert ut gjennom vindauget
i andre etasje. J Det seier noko om eit ynskje om å
bidra til ei meir rettferdig verd!

Igjen vil eg seie takk til deg som
har vore med, som givar eller deltakar!

Du har vore med og forandra verda til det betre!

Pengane som er samla inn går til
Kirkens Nødhjelp sitt arbeid over heile verda, og vil blant anna medverke til
at fattige menneske får hjelp i katastrofer.

Det er framleis mogleg å støtte
Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon 2014. Ring gjevartelefonen 820 44 088
(200 kroner), send ein sms <GAVE> til 2468 (200 kroner) eller nytt
kontonummer 1594 22 87493.

 

For meir
informasjon, kontakt:

Kaare Michael Christoffersen, Ungdomspresten i
Eid

Tlf: 40473335

Mail: kaare.michael.christoffersen@eid.kommune.no