ORGELET I EID KYRKJE VERT RENOVERT


 

Orgelet i Eid kyrkje skal no renoverast.
Orgelet i kyrkja kom inn i kyrkja i 1960. Sidan den tid har dette instrumentet trufast vore til teneste for folket i både "gode og onde dage". Orgelet er i bruk ved alle kyrkjelege handlingar, både gudstenester, konsertar, vigsler, gravferder, konfirmasjonar, m.m.
Eit orgel er eit komplisert og krevjande instrument. I alle desse snart 55 åra har det berre vore utført det mest nødvendige vedlikehald for å halde det i drift. Men no er det ikkje lenger mogleg å utsetje ei totalrenovering av orgelet. Dei siste åra er det nok berre takka vere den iherdige innsatsen til organist Ralph Cupper at det i det heile er lyd i instrumentet.
Frå 16. oktober 2014 vert orgelet kopla ut og orgelbyggar R. Bower frå Norwich i England tek til på renoveringsarbeidet. Orgelet må demonterast, nokre deler skal skiftast ut medan andre deler må omarbeidast/pussast opp att før instrumentet kan setjast saman att. M.a. skal nokre av pipene skiftast ut med piper frå eit orgel som vart kjøpt frå Austefjorden for fleire år sidan nettopp med tanke på dette. Det meste av arbeidet vert utført i kyrkja - men enkelte deler vert tekne med til England for vidare arbeid.
Arbeidet skulle etter planen vere sluttført våren 2015 - men er no utsett til slutten av september.
Frå midten av oktober 2014 og fram til september/oktober 2015 vil derfor orgelet i Eid kyrkje vere ute av drift.

Deler av galleriet vert også avstengt i denne perioden.
Desse månandane skal vi nytte eit mindre reserveorgel som vert montert nede i kyrkja før hovudorgelet vert kopla frå.

Vi gler oss til å ta i bruk eit nyrenovert og oppussa orgel hausten 2015!
Her er eit bilete av det nye spelebordet til orgelet: