Fyrsteklasses


FYRSTEKLASSES
Torsdag 3. september kl. 17.30-18.30 på Eid kyrkjetun
 

Kjære Fyrsteklassing i
Eid, Heggjabygda, Kjølsdalen og Stårheim! 

Takk for sist, til deg som var på gudstenesta i vår der du fekk boka «Tre i eit tre»!  Håper du har hatt og enda vil få mykje glede av den, og at du kan kose deg med å lese om Hoppeklinken, Somlesinken og Bokfinken. Dei finn jammen på mykje rart. 
No har du begynt på skulen, og vi vil derfor invitere deg til 

FYRSTEKLASSES
Torsdag 3. september kl. 17.30-18.30 på Eid kyrkjetun.

- Der vil de få kvar si t-skjorte med teksta «Eg er fyrsteklasses». 
- Vi skal synge saman og snakke om at vi er skapt av Gud og at vi alle er unike.
- Vi skal og sjå på vårt eige handtrykk som er heilt særeige for akkurat deg!                    
- På slutten av samlinga vert det ei enkel servering.
Foreldre er hjarteleg velkomne til samlinga!

Ta kontakt med kyrkjekontoret dersom barnet har allergiar, funksjonshemmingar eller anna som vi treng vite for å legge samlinga best mogleg til rette for alle.                  

Viss nokon vaksne har moglegheit til å vere med og hjelpe til under samlinga med mat eller anna, hadde det vore veldig koseleg og til god hjelp. 

Velkomen til «Fyrsteklasses», og vi håpar du kjem! 

Med venleg helsing 
Heidi Isene, trusopplærar
Asbjørn Eikenæs, musikalsk medarbeidar
Beate Folkestad Osdal, kateket