Biblar til 5.-klassingane


Utdeling av bibel til 5.-klassingane i Eid, Stårheim og Kjølsdalen kyrkjer!
 

Kjære 5. klassingar og foreldre/føresette!

Det er ei stor glede for oss i kyrkja å ønske dykk velkomne til gudsteneste med utdeling av bibel:

Søndag 13. september 15.00 i Kjølsdalen kyrkje

Søndag 27. september kl. 17.00 i Eid kyrkje

Søndag 4. oktober kl. 11.00 i Stårheim kyrkje.


Dersom det ikkje passar å møte i den kyrkja de høyrer til er de velkomne til å møte i ei anna kyrkje. Utdeling av bibel er eit tilbod til alle, også dei som ikkje er døypte. Bibelen vert brukt i Minikonfirmantsamlingane som de snart får invitasjon til, og i konfirmantundervisninga om de ønskjer å konfirmere dykk i kyrkja. 


Om nokon ikkje har høve til å kome på gudstenesta, men ønskjer bibel, er det fint om de seier frå, så kan vi finne ei løysing, slik at de eventuelt kan hente den på kyrkjekontoret eller få den i ei anna kyrkje. 

Velkomen til kyrkje med heile familien!




Med venleg helsing

Henny Koppen, sokneprest

Beate Folkestad Osdal, kateket 

Rolf Schanke Eikum, prost