Tårnagenthelg 12. og 13. september


Tårnagenthelg for alle 8-åringar - OBS! Ny påmeldingsfrist!!

 
Kjære føresette
 
Alle 8-åringane i Kjølsdalen, Stårheim og Eid vert 12. og 13. september invitert til å vere Tårnagentar i Eid kyrkje, og skal ha fått eit invitasjonskort i posten.(Ta og kontakt om du ikkje har fått invitasjon, men ønskjer å vere med.)
 
Oppdrag og mysterium 
Barna skal utforske kyrkja, Bibelen, tårnet og klokkene. 
Agentane vil gjennom desse dagane måtte løyse oppdrag og mysterium, og få ein eigen agentkode. Om ikkje noko spesielt skjer kjem politiet innom og vil inspirerer barna til å etterforske, vere nysgjerrige og løyse mysterium. På søndagen vil alle som kjem til kyrkjene få sjå og oppleve kva agentane har funne ut.  
 
Oppmøte
Alle agentane bur heime, men vil vere saman både laurdag og søndag. Agentane møter i Eid kyrkje laurdag 11.00-17.00. 
Søndag vert det Tårnagentgudsteneste i Eid kyrkje kl.11.00 ELLER 
Tårnagentgudsteneste i Kjølsdalen kyrkje kl. 15.00. 
Barna går der det passer best med tidspunkt og geografi.  
Gudstenestene søndag er sjølvsagt for alle og vi håpar foreldre, søsken, faddrar, besteforeldre, naboar og vener vil kome og sjå kva agentane har funne ut. 
 
Agentkoordinator
Vil du/de vere med nokre timar denne helga, å følgje borna opp i kyrkjetårnet, hjelpe til med maten, gå saman med dei på symboljakt eller berre vere ein vaksen i kyrkja. Det trengs mange hender for å gjennomføre denne helga, så det er supert om mange kan vere med.  
 
Påmelding
Påmelding for barn og føresette innan innan torsdag 10. september. (Påmeldingsskjema)
 
 
Tårnagentsongen
Øv gjerne på Tårnagentsongen som de finn på: https://www.youtube.com/watch?v=BlMnYgzH0E0