Innsettings- og avskilsgudsteneste i Eid kyrkje


 
Søndag 30. august kl. 17.00 var det innsettingsgudsteneste i Eid kyrkje der Henny Koppen vart innsett som ny prostiprest i Nordfjord.


Henny

Ho tek over ettter Sigurd Vengen, som no vert pensjonist etter å ha stått trufast i denne stillinga i 8 år


Sigurd

.
Samstundes var det også avskil med sokneprest Carsten Mrusek og kona Cecilie. Det unge presteparet flyttar no til Jondal saman med sine to små born. Her er Carsten no tilsett som sokneprest.


Cecilie og Carsten (bryllaupsbilde)

Det var ei høgtidsam og flott gudsteneste m.a. med vakker song av Vereide Kyrkjekor under leiing av Anders Rinde.


Etter gudstenesta var det utvvida kyrkjekaffi på Eid Kyrkjetun. Her ynskte kollegaer, tilsette, sokneråd og kyrkjelydar henny Koppen velkomen - samstundes som vi takka Sigurd for god og trufast teneste og tok farvel med Cecilie og Carsten.

Vi takkar for fellesskap og samvær til dei som no sluttar eller reiser - og ynskjer Henny velkomen og Guds signing i heim og teneste.




Prosten saman med avtroppande og påtroppande prest/ar.