Takk for eit godt val!


Takk til alle kandidatar, frivillige og røystarar!
 

Takk til alle som har stilt som kandidatar ved kyrkjevalet!
Mange månader med spenning om kven som er innvalde i sokneråda våre er endeleg over. 
Vi gler oss til eit godt samarbeid dei neste åra!

Takk til alle som har vore innom vallokala våre og røysta!
Svært mange veljarar har nytta høvet til å stemme fram kandidatar på sokneråds- og bispedømmerådslistene. Det vitnar om stort engasjement for kven som skal styre og korleis.

Takk også til alle som stilte opp med hjelpande hender ved valet!

- Soknerådsmedlemmer
- Tilsette
- Andre frivillige

Mange har stilt opp så mykje dei har kunna, og det set vi stor pris på.  

Lister over dei valde blir lagde på nett så snart vi har dei klare
Endeleg samansetning av nye sokneråd vil bli kunngjort så snart dei har konstituert seg.