Minikonfirmant 2015-2016


Minikonfirmantsamlingar for 5.-klassingane!

 
Til alle 5. klassingar i Eid prestegjeld!                                           
                                                                                                                                                                                                                                                  
Vi ønskjer å invitere alle 5. klassingar til å vere med som Minikonfirmantar.
Minikonfirmantopplegget er ein del av trusopplæringa for kyrkja, men du treng ikkje vere døypt for å vere med.
Minikonfirmantopplegget består av 5 samlingar. Det vil seie 2 samlingar før jul, to etter jul og ein stor leir på Fjordly. 
 
Datoar for Minikonfirmant-samlingane: 
Torsdag 22. oktober 
Torsdag 10. desember 
Torsdag 21. januar 
Torsdag 4. februar 
Minikonfirmantleir på Fjordly 4.-6.mars (kjem meir informasjon etter jul)
 
Alle torsdagssamlingane blir på Eid kyrkjetun frå kl. 15.00-17.00. 
Alle frå Eid, Kjølsdalen, Stårheim og Heggjabygda er minikonfirmantar ilag.  
 
Samlingane begynner med ein liten matbit, sidan dei fleste elevane kjem rett frå skulen. Vi utfordrar foreldre til å ta med enkel mat til kvar samling til dømes bollar, pizzabollar, platekake, svele, frukt. De kan melde frå om kva for ei samling de kan ha med mat når de melder barnet dykkar på. I tillegg til å ete skal vi leike, synge, lære om Jesus, personar i Bibelen og andre viktige kristne tema. Alle må ta med bibel og skrivesaker til samlingane. 
 
Alle våre arrangement skal vere for alle. Det betyr at vi ynskjer å leggje til rette for at alle barn, uansett funksjonsnivå, skal kunne vere med på våre arrangement. 
Ta kontakt om det er behov for tilrettelegging, eller om de har spørsmål knytt til dette.  
 
Påmelding skjer ved levering/sending av påmelding til kyrkjekontoret eller på telefon.
Frist for påmelding er mandag 19. oktober
 
 
Med venleg helsing
Beate Folkestad Osdal, kateket
Heidi Isene, trusopplærar
Asbjørn Eikenæs, musikalsk medarbeidar