INNVIING AV NYRENOVERT ORGEL I EID KYRKJE


 

Orgelet i Eid kyrkje har vore demontert sidan oktober 2014. I denne tidsperioden har deler av instrumentet vore til renovering og restaurering hos orgelbyggar Richard Bower i Norwich i England. I månadsskiftet september/oktober 2015 kom instrumentet attende til Nordfjordeid – og i løpet av oktober månad var det på nytt montert i kyrkja, stemt og klart til bruk!
Monteringa var eit krevande arbeid, der m.a. mange tunge deler skulle løftast frå kyrkjerommet og opp på galleriet der orgelet er. I denne samanheng vil vi særleg takke Sogn og Fjordane Energi for lån av løfteutstyr - og Eivind Torheim som stilte opp og køyrde løfteutstyret etter ein lang dag på arbeid i Ålfotdalen! Utan denne hjelpa er det ikkje sikkert at monteringsarbeidet hadde vore mogleg å få til som planlagt!

Søndag 1. november var det formell innviing av det nyrenoverte orgelet under Helgemesse-gudstenesta kl. 11.00. Prost Rolf Schanke Eikum som stod for innviinga – og både Koret i Eid kyrkje (Eid Felleskor), deler av operakoret frå Opera Nordfjord og «nonnekoret» frå Sound of Music deltok under gudstenesta. Michael Pavelich var dirigent for kora og kantor Ralph Cupper sytte sjølvsagt for orgelmusikken i godt samspel med Inge Haugen på saxofon!
Mange av bygdafolket, med ordførar Alfred Bjørlo i spissen,  hadde funne vegen til kyrkja denne søndagen. Dei fekk oppleve  ei stemningsfull gudsteneste med mykje vakker song og musikk!

Etter gudstenesta heldt kantor Ralph Cupper også ein «minikonsert» på ca. 15 min. der han verkeleg viste kva det «nye» instrumentet er godt for!!

Takk til alle som medverka til å gjere dette til ein minnerik dag! Særleg takk til Eid kommune som har løyvt pengar til restaureringsarbeidet – og til orgelbyggar Richard Bower som har gjeve Eid kyrkje eit oppdatert og godt fungerande orgel;  til stor glede både for tilsette i kyrkja og for kyrkjelyden!

                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                
  
     Korsong under nattverden

     
                                 Nonner og dirigent Michael


  Tungt utstyr vert løfta opp på galleriet

 
 

            
Mange deler i eit orgel....                      ........ og av ulike typer                                         Klart for "pipekonsert"!!