Eid kyrkjetun - basar!


Loddsal i Moengården vest 16. - 20. november
Basar på Eid kyrkjetun laurdag 21. november

 

No på seinhausten er det tid for den årlege dugnaden til støtte for Eid Kyrkjetun.

Kyrkjetunringen bakar lefser og førebur gevinsten som vanleg. I år blir basaren delt i to, slik at vi skal vere i Moengården Vest 16. - 20. november og selje lodd.

Mange fine gevinstar, så møt fram der!

Laurdag 21. november blir det basardag på Eid Kyrkjetun med lodd, sal av lefser og kafé med rømegraut, betasuppe, kaffi, smørbrød og kaker. Det blir også fleire åresal med fine gevinstar.

Program 21. november:
Kl. 11.00 - 17.00 - Basar m/Kafé
Rømegraut, betasuppe, kaffi og kaffimat
Åresal og loddbøker


Sal av kaffilefser og fiskelefser

Kl. 16.00 Feststund - Eid barnekor deltek
Mat og kaffi
Trekning

Velkomne!