FLOTT GÅVE TIL NATTKAFEEN!


 

På årsmøtet i Nordfjordeid Sanitetsforening 1. mars fekk Nattkaffen i Eid ei fantastisk gåve på kr. 25.000 frå sanitetsforeninga!  Pengane kjem frå årets fastelavnsris-aksjon og skal nyttast til aktivitetsskapande utstyr for ungdomane på Nattkafeen.
Norske Kvinners Sanitetsforening var 120 år den 26. februar - og lokalforeninga ynskjer å gje ei gåve til barne- og ungdomsarbeidet no i jubileumsåret.
Nattkaffen høver godt inn i denne målsettinga som eit alkoholfritt tilbod for ungdom mellom 13 og 18 år. Nattkafeen er, og skal vere, ein uhøgtideleg og trygg møtestad der ungdomane kan vere saman om ulike aktivitetar. Tiltaket mottek ikkje noko form for offentleg støtte - og gåvepengane kjem derfor svært godt med når utstyr skal vedlikehaldast og fornyast!
Det var kyrkjeverje Kristen Hundeide som tok i mot gåva på vegne av Nattkafeen frå leiar i sanitetsforeninga Liv Stokkenes Jacobsen.

Ungdomane på Nattkafeen takkar Nordfjordeid Sanitetsforening hjarteleg for den flotte gåva!!