EID KYRKJE ER OPEN I SOMMAR


 

Eid kyrkje er open også denne sommaren!

Kyrkja er open alle dagar frå kl. 10.00 til kl. 21.00 i tidsrommet 6. juni - 21. august.

I kyrkja kan ein m.a. sjå Lars Kinsarvik sine rike dekoreringar frå 1915-1916. Konservator Jørgen Solstad hos Riksantikvaren har m.a. beskrive denne som eineståande også i europeisk målestokk!
I tillegg ser ein t.d. altertavvla frå 1892, måla av kunstnaren Cecilie Dahl. Motivet er ein kopi av altertavla i Landskrona kyrkje i Sverige, måla av den danske kunstnaren Carl Bloch.

Ramma til altertavla er laga av arbeidsskulestyrar Ola M. Holmøy ved Holmøy Arbeidsskule og måla av broren, Oliver Holmøy. Dekoren kring altertavla er av Lars Kinsarvik.

Velkomne til den vakre kyrkja!