Førsteklasses gudstenester!


Seksåringane er spesielt inviterte til gudstenestene søndag 14. august kl. 11.00 i Stårheim kyrkje og kl. 15.00 i Eid kyrkje

 

Kjære Fyrsteklassing i Eid kommune!

No er det ikkje lenge igjen til du skal begynne på skulen, og vi vil derfor invitere deg  til Fyrsteklassesgudsteneste:

Søndag 14. august kl. 11.00 i Stårheim kyrkje eller

Søndag 14. august kl. 15.00 i Eid kyrkje.

Under gudstenesta skal vi høyre, snakke og synge om kva det betyr å vere fyrsteklasses og fyrsteklassing. Alle fyrsteklassingane vil få velje seg anten ei t-skjorte med teksten «Eg er fyrsteklasses» eller boka «Tre i eit tre» som handlar om Bokfinken, Somlesinken og Hoppeklinken som er tre fyrsteklasses barn som skal begynne på skulen.

Alle skal og få lage sitt eige bilete av handtrykket sitt, vi skal pynte eit heilt tre med bøner og ikkje minst sjekke ut vatnet i døypefonten. Velkomen til ei familiegudsteneste som vi håpar vert spanande for både 6 åringar og alle andre.

Ta gjerne med deg fadrane dine, resten av familien og kom til kyrkja. 

Ta kontakt dersom de har allergiar, funksjonshemmingar eller anna som vi treng vite for å legge samlinga best mogleg til rette for alle (t.d. allergi for eit særskilt tre).                  

 

Velkomen til «Fyrsteklassesgudsteneste»!

Vi håpar du kjem!

Med venleg helsing

Asbjørn Eikenæs, musikalsk medarbeidar

Kaare Michael Christoffersen, ungdomsprest

Beate Folkestad Osdal, kateket