1. mai-tankar 2020


av Eli-Johanne Rønnekleiv, sokneprest i Ervik, Leikanger og Selje sokn

Vi har hatt dugnad ei stund no.
Dugnad er ikkje tanke. Dugnad er handling.
Handling i fellesskap med konsekvensar som alle merkar for tida; endra familieliv og sosialt liv, endra økonomi, permitteringar, uro for framtida…
Dugnaden har vi i solidaritet med dei svakaste mellom oss.
Solidaritet er heller ikkje tanke. Solidaritet er også handling.
Utover eigen situasjon, landegrense, religion…
Jesus går endå lenger:

 

Lukas 6,31-36:

Som de vil at andre skal gjera mot dykk, så skal de gjera mot dei. Om de elskar dei som elskar dykk, er det noko å takka dykk for? Til og med syndarane elskar dei som viser dei kjærleik. Og om de gjer vel mot dei som gjer vel mot dykk, er det noko å takka dykk for? Det gjer syndarane òg. Og om de låner til dei som de ventar å få att av, er det noko å takka dykk for? Syndarar låner òg til syndarar når dei kan få like mykje att. Nei, elska fiendane dykkar, gjer vel og lån bort utan å venta noko att. Då skal løna dykkar vera stor, og de skal vera born av Den høgste. For han er god mot dei utakksame og vonde.
Ver miskunnsame, som Far dykkar er miskunnsam.

Jesus utfordrar oss.
Vi skal ikkje berre elske dei som elskar oss - vi skal elske fiendane våre. Elske er eit sterkt ord. Elske er ikkje ein ide eller ein tanke - det er handling som gjeld: Som de vil at andre skal GJERA mot dykk, så skal de GJERA mot dei. Eksempla er ikkje lette: vi skal gjere vel - låne ut - vere miskunnsame.

Korona-pandemien synleggjer paradoks: Vi brukar enorme ressursar i eige land på beredskap. Samstundes ein annan stad - utanfor vår landegrense, men ikkje upåverka av politikken i landet vårt, får vi sjå foreldrelause og sjuke born i overfylte flyktningeleirar.

Vi - velståande Norge - kan ikkje eller vil ikkje ta imot dei.
Har vi høyrt Jesaja ord til oss i dag der Gud seier:
Dette er fasta eg har valt; å løysa urettferdige lenkjer, sprengja banda i åket, setja undertrykte fri og å bryta kvart åk sund, å dela ditt brød med svoltne og la hjelpelause og heimlause koma i hus. Du skal sjå til den nakne og kle han, du skal ikkje snu ryggen til dine eigne.

Eller orda i Johannes første brev:
For som Kristus er, slik er vi i denne verda.
Det finst ikkje frykt i kjærleiken. Den fullkomne kjærleiken driv frykta ut...vi elskar fordi han elska oss først.
en som seier: eg elskar Gud, men likevel hatar bror sin, er ein løgnar. For den som ikkje elskar bror sin, som han har sett, kan ikkje elska Gud, som han ikkje har sett. Og dette er det bodet vi har frå han: Den som elskar Gud, må og elska bror sin.

På 1. mai er dette ord til kvar enkelt av oss.
Og ord til Norge som samfunn.

Vi finn kanskje ikkje kjærleiken som trengst i oss sjølve.
Vi blir kanskje mismodige og nedtyngde.
Fest blikket på den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus!
Han sona for å gje oss forsoning.
Han døydde for å gje oss liv.
Han kjempa for å gje oss siger.
Per Lønning formulerte det slik:
Vår Herre Jesus Kristus:
Du kjem frå lyset, frå lovsongen, frå gleda – og likevel vik du ikkje attende for mørkret, for angsten og smerta.
Du kastar deg ut i vårt mørke for å fylle det med lys.

Vi treng lyset – kjærleiken – gleda!
Det har vore mange regnbogar å sjå ei tid no – gjerne med påskrifta «alt blir bra». Regnbogen er det første håpsteiknet Gud gav oss – aldri meir skulle ein storflaum øydeleggje jorda og menneska.

Jesus er håpet i kjøt og blod – han er den fullkomne kjærleiken som gjer oss i stand til å GJERE kjærleik.
Til å vise miskunn med kvarandre – med verda.

Lat oss be saman med nonna og kyrkjelæraren Theresa av Avila (1515-1582):
Jesus Kristus, du har ingen annan kropp på jorda enn våre kroppar.
Ingen andre hender enn våre hender.
Ingen andre føter enn våre føter.
Det er gjennom våre augo at di medkjensle skodar ut over verda.
Det er ved hjelp av våre føter at du framleis kan vandra rundt og gjere det gode.
Det er ved hjelp av våre hender at du i dag velsignar menneske.
Velsign våre sjeler og kroppar, så vi kan vere til velsigning for andre.

Og lat oss syngje håpet vi har i kjempande, lidenskapleg kjærleik – i ein tango:

Fordi han kom og var som morgenrøden
og brø
t Guds taushet og vår angst for døden,
fordi han gjennom handlinger og taler
har lukket porten opp til Himlens saler,

fordi han var Guds sønn og en av våre
og gikk omkring i gater og i gårder,
fordi han lot de siste bli de første
og lot de blinde se og små
folk trøste,

Omkved: /: så kan vi holde ut i vonde tider,
vet vi Gud er nær, selv når vi lider,
så kan vårt brutte håp som solen stige, :/:
kan vi se at kommet er Guds rike. :/
Gud er hos oss.

2. Fordi han jaget kremmerne fra templet
og innbød dem de fromme hadde stemplet,

fordi han lo når barna sang og danset
og spredte liv som prester ikke sanset,
fordi han tømte kalken uten klage
og måtte gallen fra vå
r ondskap smake,
fordi han bar sitt kors og våre synder
slik at hans død vårt nye liv forkynner,

Omkved

3. Fordi en morgen så ham sprenge graven
og dødens brodd ble brutt den dag i haven,
fordi Guds budskap om ham ikke stanser,
men bryter ut i sanger, ord og danser,
fordi hans Å
nd får hjerter til å smelte,
og med et pust får murer til å velte,
fordi hans Å
nd får gamle til å drømme,
gir unge syner om at liv kan strømme,

Omkved