MALING I KJØLSDALEN KYRKJE


 

Etter mange års bruk hadde både benkane og innerdøra i Kjølsdalen kyrkje stor trong for vedlikehald. Malinga hadde løsna og både benkar og dør såg rett og slett "skabbete" ut!
I sommar har to dyktige ungdomar frå bygda, Arthur og Thomas Sundal, pussa ned og mala opp att både benkane og døra. Vi klarte berre å skaffe maling som hadde "nokonlunde" sama fargen som var på benkane frå før. Med dette som utgangspunkt har Arthur og Thomas mixa fargen til dei kom så nær den opprinnelege som dei klarte. Som vi ser på bileta har dei trefft utruleg godt! Kyrkjerommet framstår no mykje finare med "heile" benkar og dørblad utan avskala flekkar!

Eid Kyrkjelege Fellesråd takkar Arthur og Thomas hjarteleg for flott og samvitsfullt arbeid!!