Julemesse på Betania


25. og 26. november

 

Julemesse på Betania, Nordfjordeid 25. – 26. november 2016.

Tradisjonen tru arrangerer Norsk Luthersk Misjonssamband (Misjonssambandet) julemesse på Betania bedehus i år også. Dette tiltaket har gjennom åra vore ei samling som både har trekt godt med folk, og gitt gode økonomiske resultat for organisasjonen.

Fleire lag og enkeltpersonar deltek i arbeidet med messa.

Også dette året blir messa arrangert fredag 25. og laurdag 26. november rett før fyrste søndag i advent. Messa opnar begge dagane kl. 11.00. Det vert sal av alt frå julebakst, lefse, gombe, til strikke og husflidvarer, bøker etc.. Det er åresal og lotteri, kafé med betasupa, rømmegraut, smørbrød, kaker, mm., og møtesamlingar. Trond Kråvik, vår eigen områdearbeidar, deltek i år som hovudtalar. Songarar vert dei unge syskena Mirjam og Joel Dyrhovden. Familien Eva Bente og Knut Arild Ohma, som er komne heim frå Peru og som no bur i Balestrand, tek seg av misjonsmøtet.

Det er nok spente medarbeidarar som sit klar til å opne dørene for alle som vil innom for å handle og støtte arrangementet. Og de er velkomne!

Programmet ser slik ut: 

 

Fredag 25. november
Kl. 11.00: Messa opnar
Kl. 13.00: Bibeltime
Kl. 17.00: Misjonsmøte

Laurdag 26. november
Kl. 11.00: Messa opnar
Kl. 12.00: Andakt
Kl. 15.00: Avslutningsmøte