HalloVenn i Eid Idrettshus


måndag 31. oktober kl. 17.30 - 21.00

 

                          

HalloVenn 31. oktober 2016                     

Tid: Måndag 31.oktober kl. 17.30-21.00

Stad: Eid idrettshus

Målgruppe: Barnefamiliar

HalloVenn er ein kjempefest med fokus på vennskap. HalloVenn er eit nasjonalt konsept som har vorte ein suksess mange stadar i landet. Det er tredje året HalloVenn blir gjennomført på Eid, og det har vore mellom 600-1100 små og store og ein stor suksess. HalloVenn er eit kjempestort samarbeid mellom kyrkja og det frivillige organisasjonslivet på Eid. HalloVenn er ikkje eit kristent eller religiøst arrangement, og det er ope for alle barn og foreldre uavhengig av tru eller livssyn.

Det blir aktivitetar i hallen og i garderobane med hoppeslott frå Søndagsskulen, mjølking av ku og putekrig på trestokkar med Bondelaget, urettferdig bowling, kjempesprettert, balansere utan å få støt med ståltråd, balansekasse, sende papirfly på blink, kjempesåpebobler, fargelegging/rebus/kryssord, fotball, Førstehjelpsbamse med Røde Kors, fotografering med Fotografen Eide, sekkeløp, lær ein song med Stårheim Barnekor, urettferdig bowling, quiz, Turbo-Lotto med Barnas Turlag, teikne hale på grisen, ansiktsmaling, turn for dei yngste, fiskeaktivitet med fiskestang og skoøskjestafett (det kan bli små endringar i aktivitetane). For kvar aktivitet barna deltek på får dei eit godteri eller leike som premie.

Dei som vil kan kle seg ut med morosame kostymer, men sidan tema er vennskap oppmodar vi folk til å kle seg slik at dei ikkje skremmer vekk alle små og store som vil bli venn med dei. Det blir show med sirkuslinja frå Fjordane Folkehøgskule og vi skal danse synge og danse BliMe dansen. Den siste halvtimen vert det diskotek.

Kiosken vert open med sal av kake, pølse med brød og kalde og varme drikkar.

HalloVenn kostar 100,- pr barn, men er gratis for alle vaksne.

Billettar er lagt ut for sal på Totland Libris. Det er veldig lurt å kjøpe billett på førehand, slik at du slepp å stå i kø i inngangen.

 

Beste helsing

Kateket Beate Folkestad Osdal
Ungdomsprest Kaare Michael Christoffersen
Sokneråda i Eid