VELLUKKA KYRKJEDAG FOR NORDFJORD


 

Kyrkjedagen for Nordfjord 2016 vart avvikla i Eid kyrkje og på Eid Kyrkjetun laurdag 29. oktober. Her var både soknerådsmedlemer, tilsette og andre frå heile Nordfjord samla.

Dagen starta med gudsteneste med nattverd i Eid kyrkje. Den nye soknepresten i Eid, Øystein Mathisen, var liturg, prost Rolf Schanke Eikum heldt preika og prostiprest Henny Koppen, kateket Beate F. Osdal, Berit Heien Heggen og Tor Olav Heldal var medliturgar. Ved orgelet sat kantor Ralph Cupper - så også musikken var av ypperste klasse!

Etter gudstenesta samlast ein på Eid Kyrkjetun der dagens hovudtalar, Dag Kjær Smemo, heldt eit inspirerande og interessant føredrag om Bibelen med særleg fokus på historia til Bibelselskapet, som i år kan feire 200 år.
Etter føredraget til Smemo fekk forsamlinga vite litt nytt frå prostiet av prost Rolf - og Jon Ytrehorn orienterte om arbeidet med "Grøne Kyrkjelydar".
Etter matpausen fortalde Dag Smemo vidare om forskjellige menneske i ulike land sitt møte med Bibelen - og Smemo sjølv sine møte med desse menneska. Han illustrerte også korleis utrykk og setningar frå Bibelen påverkar oss i daglegtale; og viste også litt om korleis vi kan bruke Bibelen i både gudsteneste og andre samlingar.

Innimellom dei ulike elementa i føredraget leia kantor i Gloppen, Andres Rinde, oss igjennom forskjellige bibelske salmar i salmeboka. Anders hadde også med seg ei songgruppe samansett av deltakarar på Kyrkjedagen.

Sjølv om ein gjerne skulle sett at fleire frå Nordfjord hadde delteke var i alle fall dei som var til stades samstemte i at dette hadde vore ein svært interessant og gjevande dag!

            
Dag Kjær Smemo held føredrag                                                                             Anders Rinde med songgrupa