Tårnagenthelg for 2.klassingane


11.-12.februar
Strengt hemmeleg!

 

Kjære agent!

 

NB! Før du byrjar å lese, er det viktig å vite at dette brevet er topp hemmeleg og kun må lesast av dei som går i 2.kl. og deira føresette.

Vi treng deg kjære agent, til å vera med å løysa oppdrag og mysterium i Eid kyrkje! Klarar de agentar å løysa alle mysteria, så er det utlova ein dusør! For å samle nok energi kjem vi til å ete edderkoppsuppe midtvegs i samlinga.

 

Difor ønskjer vi deg og alle 8 åringar i heile kommunen velkomne til Tårnagenthelg i Eid kyrkje laurdag 11.februar og søndag 12.februar!
Det store agentmøtet startar laurdag kl.11.00 og held på til kl.15.00. Der vil agentane få utdelt eit personleg agentbevis.

Søndag treffast vi igjen kl.11.00 til Tårnagentgudsteneste i Kjølsdalen kyrkje ELLER kl. 15.00 for Tårnagentgudsteneste i Eid kyrkje. Foreldre, sysken, og vener er også invitert til gudstenestene.

I 2017 vil det vera agentar i mange kyrkjer over heile landet som skal løysa mysterium. Vi håpar du har lyst til å vera med. Det er gratis å delta.

Tårnagentane har ein eigen song. Gå gjerne inn og høyr på den før de kjem: https://www.youtube.com/watch?v=BlMnYgzH0E0

 

Husk å melde deg på før måndag 6. februar, slik at vi veit at du kjem og har nok mat.  
(Påmeldingsinformasjon til foreldre/føresette her)

 

Helsing – strengt hemmeleg – frå oss som jobbar i kyrkjene i Stårheim, Kjølsdalen, Heggjabygda og Eid kyrkje

 

Beate F. Osdal   Øystein Mathisen          Asbjørn Eikenæs             Kaare M.Christoffersen
Kateket             Sokneprest i praksis    Trusopplæringsmedarbeidar    Ungdomsprest