Familiegudstenester med utdeling av bordbrikker og bøker


til alle som blir 2-, 3- og 4-år i år

 

Velkomne til Familiegudsteneste med utdeling av alderstilpassa bordbrikker og bøker!

5. mars kl. 11.00 i Eid kyrkje for alle 2 og 3 åringane
5. mars kl. 15.00 i Stårheim kyrkje for alle 2, 3 og 4 åringane
12. mars kl. 11.00 i Eid kyrkje for alle 4 åringane
12. mars kl. 15.00 i Kjølsdalen kyrkje for alle 2, 3 og 4 åringane.

Vi pyntar kyrkjene med ballongar og lagar til fest, og vi skal ha ei vandring i kyrkja der vi kan leike med såpebobler, ballongar og sjå på vatnet i døypefonten. Vi håpar de tek med både fadrar og besteforeldre til kyrkja den dagen. Etter gudstenesta vert det kyrkjekaffi.

Til gudstenesta på Eid lagar vi eit Barnegospelkor som blir med å syng, og alle mellom 4-8 år som vil vere med å synge i kor på gudstenesta kan møte laurdag 11. mars kl.14.00-15.00 i Eid kyrkje. Benedikte Dæmring vil dirigere koret. 

 

Beste helsing oss i kyrkja
​Beate, Kaare, Øystein og Asbjørn m/fleire