SOMMAROPEN KYRKJE


 

Eid kyrkje er også dette året open i sommarmånadane. Kyrkja vert opna kl. 10.00 - og stengjer kl. 21.00 alle dagar frå 19. juni til 20 august. 

Eid kyrkje er vel verd eit besøk! Her kan ein m.a. studere Lars Kinsarvik sin flotte dekor samstundes som ein kan finne ro og ettertanke i det vakre kyrkjerommet. Om ein er retteleg heldig kan ein også høyre kantor Ralph Cupper øve på det nyrestaurerte orgelet.
Det vert også arrangert konsertar i Eid kyrkje laurdagane i sommarsesongen - dette vert annonsert i eigne annonser.