VIL DU VERE KYRKJETENAR HER?


 

Vår trufaste kyrkjetenar i Heggjabygda kyrkje, Per Hagen, går av 1. juil i år - og vi søkjer etter ny kyrkjetenar.
Dette er ei lita stilling - berre 10% - så "belastninga" er ikkje stor. Vi oppmodar særleg folk frå Heggjabygda om å søkje.

Kyrkjetenar er ansvarleg for at kyrkja er oppvarme og klar til bruk ved gudstenester og andre kyrkjelege handlingar. Vedkomande syter også for at alt nødvendig utstyr er på plass og i orden, samt at kyrkja ver reingjordt etter bruk. Det er eigen stillingsinnstruks. Fast løn og god forsikringsordning

Kontakt kyrkjeverje Kristen Hundeide for fleire opplysningar. E-post: kyrkjeverja@eid.kommune.no tlf. 97034535

Søknad til Eid Kyrkjekontor, Postboks 5, 6771 Nordfjordeid innan 29.07.2017