Solveig Haugan vart tilsett i 2022 som kyrkjegardsarbeidar for å ta seg av gravstellavtalane våre.
Ho er fødd i 1949, budde sine første leveår i Stryn før ho flytta til Selje. Etter realskulen gjekk ho på husmorskulen, og i 1970 gifta ho seg med Roar. Dei flytta til Bryggja i 1972, der dei no bur. Dei har fire barn og to barnebarn.
I mange år arbeidde Solveig hos Frislid på Eid der ho sydde dressar, men i 2000 starta ho sitt eige hagesenter, Haugans blomster og hageplanlegging, på Bryggja. No er Solveig pensjonist og prøver å trappe ned aktiviteten.
Hage og blomster er hennar store lidenskap, og ho har sjølv ein stor hage som ho steller.
Elles er ho glad i handarbeid, særleg strikking, og ho likar å teikne og male.
Vi takkar Solveig for det flotte arbeidet ho gjer på kyrkjegardane våre! Det er godt å ha Solveig som tilsett!
Her ser vi bilete av Solveig, frå hagesenteret og blomar på ei grav.