Magni Myklebust vart tilsett som kyrkjelydsarbeidar i 2021. Ho er født i 1976 og vaks opp i Hyen. Ho budde lenge i Bergen før ho og mannen Enok flytta heim til Nordfjord. No bur dei i Remmedalen og driv m.a. med sau.
Magni er utdanna sjukepleiar og har i tillegg årseining i musikk og bachelor i praktisk teologi og leiing. Ho er og utdanna agronom.
Ho har jobba 15 år i Ungdom i Oppdrag der ho hadde ansvar for lovsong, DTS og Asia-outreach.
I kyrkja jobbar ho med trusopplæring, musikk og fellesskapsutvikling, og ho har ansvar for laurdagsgraut, Soul Children og kveldsgudstenester m.m.
Den store interessa er musikk, og Magni er ein dyktig songar, pianist og gitarist som likar å få andre med i songen!
Ho er godhjarta, raus og gjennomtenkt med eit stort engasjement for det ho held på med.
Vi er veldig takknemleg for at Magni er vår kollega!
På bilete ser vi Magni med gitaren, Magni med sauene og eit glimt frå Soul Children Gathering i Operahuset.