Eline Sandnes er kyrkjelydspedagog i Stad. Ho vart tilsett i Selje i 1983 og har lang fartstid!
Eline kjem opprinneleg frå Eid og bur no i Selje.
Som kyrkjelydspedagog har Eline ansvar for trusopplæringstiltak som t.d. babysong, lys vaken, tårnagent, laurdagsgraut og ulike utdelingar på gudstenestene. Eline leiar og konfirmantarbeidet i Stad saman med prestane. I tillegg er ho med i redaksjonen til Helgefred, bladet for alle kyrkjelydane.
Vi set veldig stor pris på Eline og alt ho har gjort og gjer for barn og ungdom i kyrkjelydane våre!