Luke nr. 14


Lidvar Magne Aasen er kyrkjegardsarbeidar i Stad med hovudvirke på gravplassanne i Heggjabygda, Stokkenes, Eid, Sambraut, Stårheim, Kjølsdalen og Totland.

Advent luke 14

Han har vore helsefagarbeidar i Eid i 30 år, pensjonerte seg i 2021 og har jobba hos oss i 2,5 år.

Lidvar er fødd i 1959 og har vakse opp i Volda. I 1983 flytta han til garden Horn i Kjølsdalen. Der bur han saman med kona Unni.

Lidvar likar å vere i aktivitet, også på fritida. Han har fleire renoveringsprosjekt på gang, og han er svært glad i skogsarbeid, vedarbeid og saging! Blir det for kaldt vinterstid reiser han ein tur til sola!

Lidvar er ein humoristisk, påliteleg og arbeidssom kar med stort pågangsmot. Vi er veldig fornøgde med å ha Lidvar i staben!

På bileta ser vi Lidvar i sola i Selje og Lidvar i gang med motorsag og opprydding.

Tilbake