Luke nr. 13


Arne Kjøllesdal er kyrkjegardsarbeidar i Stad med hovudvirke på gravplassane Heggjabygda, Stokkenes, Eid, Sambraut, Stårheim, Kjølsdalen og Totland.

Advent luke 13

Han vart tilsett i 2019, er no fagleiar Gravplass og har og dei siste åra og vore verneombud.

Arne er fødd i 1964 og har vakse opp i Kjølsdalen der han no bur på slektsgarden saman med Inger Lise. Dei har ei datter.

Arne har agronomutdanning frå jordbruksskulen i Innvik der han gjekk i 84-85. Han valde likevel jobb utanom landbruket og har ei allsidig yrkeskarriere. Han har m.a. vore tilsett i Domstein i Måløy, Fjord Technology i Eid og MAS Fluid Control i Ulsteinvik. I sistnemnde bedrift var han og på jobboppdrag i Singapore eit år.

På fritida likar Arne å gå på jakt, men han brukar og mykje tid i garasja på tunet der han mekkar på ulike køyretøy. Det er mange som har fått hjelp av Arne.

Arne er omgjengeleg og omtenksom, har god praktisk innsikt og likar å ha orden rundt seg. Vi likar veldig godt at Arne er tilsett hos oss!

Bileta er frå arbeid på Leikanger- og Totland kyrkjegard, samt reportasje i Fjordabladet frå Stokkenes.

Tilbake