Luke nr. 11


Ingvard Sundal har vore organist i Stad sidan 2010, men har teke vikaroppdrag i mange år før det.

Advent, luke 11

Han må trå til når Ralph og Jon Inge har ferie og frihelgar eller er opptekne med andre oppdrag.

Ingvard har vakse opp i Kjølsdalen der han bur på slektsgarden saman med kona Kirsti. Dei har tre born og fem borneborn, og dei driv med storfe, mjølkeproduksjon og skog. I tillegg har dei ti høner som hobby. Ingvard har utdanning frå jordbruksskulen i Innvik der han gjekk i 78-79.

Ingvard er ein allsidig musikar som kjem frå ei særs musikalsk familie. Han er sjølvlært både på piano og orgel (utanom eit tredagars kurs med Cupper). Han har og tidlegare spelt baryton i Kjølsdalen musikklag.

Ingvard er ein dyktig, venleg og arbeidssom kar. Vi set stor pris på å ha Ingvard i staben!

Biletet er frå ei stallgudsteneste på Norsk Fjordhestsenter i 2019.

Tilbake