Luke nr. 6


Heike Wallach vart tilsett som kyrkjetenar i Totland i 2022.

Advent, 6. desember

Ho er født og oppvaksen i Kulmbach, ein vakker by i den tyske delstaten Bayern. Ho flytta til Norge med mann og barn i 2013 og bur no på Bryggja.

Heike har tidlegare vore husmor på Fjordly ungdomssenter. No jobbar ho som reinhaldar og assistent i Fjordly barnehage, og som reinhaldar i Stad kommune.

På fritida likar ho best å lese eller spele piano. Heike er ei allsidig, optimistisk og entusiastisk dame som sprer mykje glede rundt seg med ein fantastisk latter. Vi er heldige som har Heike i staben!

På biletet ser vi Heike ved Tvinnefossen, samt eit bilete frå Kulmbach (oppe) og eit frå Bryggja.

Tilbake